Skal bakteriesjekke pasienter for resistente Enterokokker ved Haukeland sykehus

Dagens medisin 21 september kan fortelle at det skal igangsettes ett prosjekt for å unngå smittespredning av resistente Enterokokker.

Dette er å lese i artikkelen:

Sidan sommaren 2010 har Haukeland universitetssykehus hatt eit utbrot av vankomycinresistente enterokokkar (VRE).

I haust skal 500 pasientar ved alle somatiske postar sjekkast for denne motstandsyktige tarmbakterien, melder sjukehuset på sine nettsider.

Isolerer dei som er smitta
Innan utgangen av oktober skal pasientar ved alle somatiske avdelinger på Haukelandsområdet sjekkast med tanke på VRE-bakterien.

Det gjeld blant anna Barneklinikken, Hudavdelinga, Kvinneklinikken og Augeavdelinga. Prøva blir tatt som penselprøve frå endetarmen til pasienten.

Pasientar med påvist smitte blir isolert i sjukehuset, så ingen andre skal få overført bakterien ved kontaktsmitte.

260 har testa positivt
Sjukehuset opplyser at omlag 4000 bakterieprøvar er tatt av pasientar sidan sommaren 2010. Bakterien førte to gonger  til inntaksstopp ved ein lungepost i 2010.

– Vi har til no ikkje hatt kapasitet til å leite etter VRE ved alle avdelinger, men det er nødvendig å gjere systematisk smitteoppsporing i heile sjukehuset, seier overlege Dorthea Hagen Oma ved Senter for smittevern på Haukeland til nettstaden.

260 pasientar ved ulike avdelingar har sidan 2010 testa positivt på VRE-bakterien. Førekomsten av VRE har vore synkande dei siste månadane, men Oma ser for seg at dei vil finne fleire smitta når dei no leitar etter bakterien i større skala.

Skal hindre vidare spreiing
Alle pasientar som blir overført frå Haukeland til andre sjukehus skal ifølgje dei nye nasjonale retningslinjene testast for VRE.

Målet er å hindre at eventuell uoppdaga VRE-smitte får etablere seg ved fleire sjukehus i landet, ifølgje sjukehuset.

***

Per i dag har 158 personar fått påvist vankomycinresistente enterokokker (VRE) på Haukeland. I fylgje Bergensavisen (BA) er utbrotet av den motstandsdyktige bakterien den fyrste i Noreg. Dette er å lese 21 september 2011 i NRK1 dristriktnyheter Hordaland her

Enterokokkar er ein vanleg tarmbakterie. Hos dei fleste vil den ikkje gje nokon sjukdom. Dei som er bærarar av bakterien har som regel ingen symptom. Likevel vil ein hindra spreiing av bakterien i sjukehus fordi han kan gje infeksjonar hos pasientar som er særskilt utsette. For dei aller fleste som blir smitta er det ufarleg, men personar med svekka immunforsvar kan utvikla infeksjonar med bakterien, og dei kan være alvorlege.

Bakterien er resistent mot dei antibiotika som vanlegvis vert nytta til å behandle infeksjonar med enterokokkar. For pasientar som får infeksjon inneber dette at ein må velje spesielle typar antibiotika til behandling.

***

*****

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s